Fjordingen På Flo Skue

  • Autor: Vários
  • Narrador: Vários
  • Editor: Podcast
  • Duración: 141:23:19
  • Mas informaciones

Informações:

Sinopsis

Fjordingen er lokalavisa i indre Nordfjord. I denne podcasten tek journalist Roy Aron Myklebust med seg spennande personar frå lokalmiljøet til utkikspunktet Flo skue. Med utsikt over strynebygda, løftar vi blikket og pratar om laust og fast. Både det den aktuelle gjesten er kjent for, men like mykje for å avsløre sider som er mindre kjent.

Episodios

  • #66 Sport und Spaß 20. august 2025 -Jump in it!

    21/08/2025 Duración: 54min

    Fotballspelaren bak uttrykket "Jump in it" er med oss frå Nederland! Sondre Holmlund Ørjasæter vart nyleg selt til Twente og vi sjekker ut status for det nye profftilværet. Vi har også besøk i studio av far og son Krossen, som mimrer tilbake til Norway Cup og Ekebergsletta, der G14 bidrog med masse flott fotball og spennande dagar.

  • Jabbing om jobb #10 Christer Lunde Solberg

    19/08/2025 Duración: 35min

    Christer Lunde Solberg er første gjest i sesong to av serien Jabbing om jobb. Han fortel om korleis han i godt vaksen alder måtte tenkje nytt og omskulere seg, då knea ikkje lenger tillet han å halde fram i jobben som omreisande seljar for Ricco Vero.

  • #65 Sport und Spaß: Stryn sine "Gutta på tur"

    28/05/2025 Duración: 01h02min

    Mannsterk sending der vi har besøk av Nils Petter Hauge, Terje Walaker, John Rasmus Sæbø og Hallvard Skrede. Ein kameratgjeng som møtes til turar kvar onsdag - og litt til. Vi får også innside-informasjon om "skjeggestuntet på Stryn stadion" av hovudpersonen sjølv, Frank Hool.

  • Gjesteprogram: Minner frå krigsåra

    09/05/2025 Duración: 01h13min

    Kåre Rake (90) og Egil Solheim (81) gir eit lite innblikk i krigsåra i indre Nordfjord. Rake var sjølv 5 år då krigen braut ut, og far til Solheim, Magnus Solheim, var fenrik og deltok i krigshandlingar i Valdres. I samtalen fortel dei om historier han delte; bombingar i Valdres, fangenskap og rollebytet då freden kom.

  • #64 Sport und Spaß: Bemer, bibel, Bø og litt Kirkeeide

    20/02/2025 Duración: 54min

    Eivind Skjerven er i studio og demonstrerer Bemer-matte. Klemet Bø er med på telefon frå VM i skiskyting i Lenzerheide og Sigbjørn Kirkeeide har det travelt med å både førebu NC på Ullsheim og følge med på dottera Maren i VM.

  • #63 Sport und Spaß, 22.januar 2025

    23/01/2025 Duración: 01h03min

    NRK og TV2 kommentator Ole Kristian Stoltenberg er hovudgjest. Utanrikskorrespondent Inge Brynestad er med frå Anterselva og "Thor Gotaas" svingar innom.

  • Jabbing om jobb #9: Bonderebellen Silje Åsnes Skarstein

    10/12/2024 Duración: 32min

    Silje Åsnes Skarstein skulle aldri bli bonde. I dag er ho ikkje berre bonde på fulltid, ho har også blitt bønder sitt talerøyr med engasjerande innlegg i sosiale media og i aviser. Bli betre kjent med den frittalande kvinna frå Fjaler som no er busett i Olden.

  • #62 Sport und Spaß 4.desember med Espen R. Nakstad

    05/12/2024 Duración: 56min

    Kveldens gjest er sjølvaste 71 grader Nord-vinnaren, Espen R. Nakstad! Norges tøffaste kjendis fortel om turen gjennom Stryn og Hornindal, forholdet til dei andre deltakarane og det å halde deltakinga skjult for kollegaer og vener. Han blir også utfordra på ei dialektoppgåve. I sendinga ringer vi også opp Månadens lyttar og det blir spalten "Ka i alje dage"?

  • Jabbing om jobb #8: Jan Fjellkårstad om verda som marknad

    02/12/2024 Duración: 31min

    Jan Fjellkårstad (45) frå Blakset er økonomidirektør i måløyverksemda Coast Seafood. Dei omset fisk og sjømat for milliardar og har store deler av verda som marknad.

  • Jabbing om jobb #7: Landsbylegen Marius Solbakken

    17/11/2024 Duración: 33min

    I den 7. episoden kan du bli betre kjent med Marius Solbakken. Austlendingen som kunne tenkt seg å bli snikkar, men som enda opp som kommuneoverlege i Stryn.

  • Jabbing om jobb #6: Petter Arnt Løvdahl - 74 åring med pensjonistangst

    13/11/2024 Duración: 25min

    Petter Arnt Løvdahl har alltid hatt mange jern i elden, og har sjeldan nøya seg med berre ein jobb om gongen. Vaktmeister, lærar, PPT-konsulent, bussjåfør og fjellførar er berre noko av det den allsidige 74-åringen har sysla med.

  • #61 Sport und Spaß 6. november 2024

    06/11/2024 Duración: 54min

    Stortingspolitikar og storspringar Alfred Bjørlo og skiskyttar Simon Hjelmeset Kirkeeide er gjester i dagens sending. Og vi ringer opp "Månadens abonnent", Andre Flo.

  • Gjesteserie: Jabbing om jobb #5: Dama med samfunnsplanen - Oline Horten

    29/10/2024 Duración: 23min

    Oline Horten er ei ung oslokvinne som enda opp som prosjektleiar for Stryn kommune sin samfunnsplan. Høyr korleis året i Stryn har vore og kva tankar ho gjer seg om livet i ein liten vestlandskommune.

  • Gjesteserie: Jabbing om jobb #4 Mariann Rosa og scena som arbeidsplass

    22/10/2024 Duración: 34min

    Mariann Rosa, eller Thomassen som døypenamnet er, hadde stor suksess som vokalist og frontfigur i bandet Surferosa i perioden 2000-2009. I dag lev ho også av musikk, som DJ og med eige bookingbyrå for kvinnelege DJ-ar. I denne episoden kan du høyre korleis det er å ha scena som arbeidsplass.

  • #60 Sport und Spas 9.oktober 2024

    10/10/2024 Duración: 01h02min

    Sending nummer 60! Med oss i studio er energibomba Siri Linn Opsahl. Ho er treningsinstruktør, formann i idrettslaget, gründer og fritidskoordinator. Jon Terje Tjellaug gir siste status om Stryn fotball før dei to siste og avgjerande kampane i Kretsligaen, og vi får høyre om Randabygda sin nye landslagsspelar - i rugby!

  • Gjesteserie: Jabbing om jobb #3: Supersjef Tom Øyvind Solheim

    09/10/2024 Duración: 40min

    Tom Øyvind Solheim er supersjef i Nordfjordkompaniet, som blant anna jobbar med rekruttering, lærlingar og bulyst i Nordfjord.

  • Gjesteserie: Jabbing om Jobb #2: Bedriftsutvikling med Arild Bødal

    25/09/2024 Duración: 43min

    Høyr kva den erfarne bedriftsleiaren, styreleiaren og investoren tenkjer kring bedriftsutvikling og organisasjonsbygging.

  • NY SERIE: Jabbing om jobb #1: Gründer Elisabeth Flo

    19/09/2024 Duración: 37min

    Jabbing om jobb er ein ny serie på Radio Stryn der vi møter personar frå ulike bransjar og kategoriar, og med ulike roller, i arbeidslivet. I den første episoden kan du bli betre kjent med gründer Elisabeth Flo (30) som driv Seniortrim.

  • #59 (1 sesong 8) Sport und Spaß 11.september 2024

    11/09/2024 Duración: 59min

    Gjester i studio er Jørgen Trøsken frå Stryn sitt herrelag i fotball, som pratar om kampen for tilværet i Kretsligaen, og handballtrenar Roy Veamyhr som er klar for nok ein sesong med handballdamene. I tillegg har vi med rekord-paret frå Skarsteinsetra Opp, Trond Håkon Trondsen og Synnøve Torp.

  • #58 Sport und Spaß 17.juni 2024

    18/06/2024 Duración: 01h07min

    Sommaravslutning! Vi snakkar med Torbjørn Hatledal om den nye 18 hols frisbeegolfbana på Ullsheim. Vi tek også ein prat med tidlegare norgesmeister i frisbeegolf, Jostein Håland. Og ikkje minst; truleg norges beste på å imitere sportsprofilar, Vidar Higraff, byr på både seg sjølv og ei rekkje imitasjonar. God sommar frå oss i SS!

página 1 de 7